lørdag, april 15, 2006

Varsku! Realitetsorientering!

(Eg veit eg burde ha skrive om kvifor liberalkonservative er gamle damer i denne bloggen, men eg vel å kommentere noko heilt anna og heller kome tilbake til det.)

Dette er ei realitetsorientering til Stefan Heggelund:

Skatt er fint og flott, dersom skatten nyttast på ein sympatisk (les: velferdsorientert) måte. I mellomalderen (Til Stefan: det er nynorsk for ”middelalderen”) blei ikkje akkurat denne skatten nytta til velferdsgoder som t.d. tilnærma gratis legetilbod, sikring av ei god eldreomsorg, gratis grunnskule, lånekasse slik at alle skulle kunne ta seg høgare utdanning etc. Om eg ikkje tar heilt feil, ville unge Heggelund visst dette dersom han hadde tatt seg bryet med å følgje med i dei (garantert raddisintellektuelle og raudlungeopphosta) historietimane og lærebøkene han hadde i skulen.

Staten tar pengar frå meg. Ja. Det er korrekt. Og staten gir tilbake. Noko seier meg til dømes at dei lærarane som har undervist meg i alle år og gitt meg kunnskap, ikkje har levd på luft og kjærleik. Bøkene eg har lånt frå skulen, har nok ikkje vore gratis. Skulebygget eg brukte tida mi i var heller ikkje kostnadsfritt, det var heller ikkje reinhaldingspersonalet som vaska det. Den asfalten som blir lagt på dei vegane eg går på, kostar pengar. Når eg går til legen, kostar det nok ikkje under 200 kr gongen for lønning til legen, resepsjonisten, reinhaldspersonalet, straumen, innkjøp av utstyr, møblement, vedlikehald av bygningen, strøing/salting av vegane utanfor om vinteren, klipping av graset, eventuelle vikarar ved sjukdom etc. Universitetet eg går på er trass alt gratis (minus innkjøp av bøker, som er noko av det som mellom anna blir dekka av det beste lånet eg nokon gong får på grunn av staten og ein fin velferdspolitikk). Noko seier meg at heller ikkje her jobbar professorane gratis, heller ikkje reinhaldspersonalet, dataavdelinga, administrasjonen, vedlikehaldsarbeidarane, dei på kortsenteret osb osb osb...

Spørsmålet her blir jo: hadde eg hatt råd til å betale for alt dette sjølv. Nei, vent! Dette blir feil. Spørsmålet blir: hadde mine føresette (igjen Stefan: det er nynorsk for foresette) hatt råd til å betale for alt dette? Svaret er nei. Og det hadde (no snakkar eg utan grunnlag og dømmer deg mest sannsynleg ganske kraftig) mest sannsynleg ikkje dine heller, om ikkje du har millionar på bok som unge Astrup. Det kan jo vere du har. Kva veit vel eg (og bryr eg meg?). Vil eg ha høve til å gå til legen utan å måtte leggje igjen halve lønna mi? Ja. Og vil eg ha ei utdanning? Svaret er igjen positivt. Og det vil vere det repetativt om eg held fram i same mønsteret her. Eg antar poenget er tatt (om ikkje må du gjerne gi meg eit lite vink, så skal eg gjere dette litt klarare).

Når eg (som du) har betalt for mykje i skatt, og får pengar igjen, blir eg sjølvsagt glad. Eg blir ikkje glad av di den vondskapsfulle og egoistiske staten ikkje har tatt alle pengane mine, men gitt meg noko tilbake. Derimot blir eg glad av di det var pengar eg ikkje hadde rekna med (betaler alltid litt for mykje i skatt av denne enkle grunnen), og som eg derfor kan bruke på noko hyggeleg eller eventuelt spare.

Velferdsstaten kan forbetrast. Dette er heilt klart. Det at eg må betale delar til statskyrkja når eg er mot henne, er sjølvsagt trist. Eg innser likevel at vegen å gå ikkje er å demonstrativt vere mot alle andre velferdstilbod berre fordi litt av skatten min går til kyrkja. Det er lite konstruktivt og blir tåpeleg. Det er vel teknisk sett det eg kallar din siste bloggpost også, sjølv om eg set pris på både arrogansen og forsøket.

onsdag, april 12, 2006

Hyllest til ordbøkene!

Etymologi er ein fantastisk ting. Det er noko eg personleg alltid har hatt stor glede av, noko av stor signifikans for verda, språket og oppfatninga vår. I etymologiens namn vil eg også reklamere litt for den fantastiske nynorskordboka, som kanskje er det oppslagsverket eg er mest glad i (likestilt med The New International Webster's Dictionary & Thesaurus – encyclopedic edition). Desse vakre oppslagsverka gir meg til dagleg stor glede. Eg vil i morgon presentere ei god grunngiving for at liberalkonservative er gamle damer, men no skal eg leggje meg til å sove!

tirsdag, april 04, 2006

Europa og oljeeventyret

Det er noko som har provosert meg lenge. Eg veit ikkje heilt kor lenge, det kan vere både veker og månadar – eg har mista heilt oversynet. Det er noko svært kvalmande, noko kynisk og manipulativt. Eg omtalar her Statoil si reklamekampanje om gass til Europa.

Først vil eg berre spørre litt retorisk ut i lufta: Kva er formålet med denne kampanjen? Kva er det desse europeiske nasjonalsymbola spikra til ein oljeplattform skal vise oss? Kvifor knyttast desse stolte stortidssymbola, St. Basilskatedralen og Colosseum, til olje? Ingen av dei var vel strengt tatt bygd på det? Kva er vel formålet med ei snurrande jordklode der vi kan gjette kvar Statoil skal bore etter olje neste gong? Og kvifor har denne kampanjen gått før, under og etter den endelege avgjerda om oljeboring i nord?

Det er nok mange som har stor glede av denne kampanjen. Europarørsla ser sikkert med glede på korleis ein kan knytte Noreg til EU med sentimentale TV-reklamar om barn som ikkje kjem heim på grunn av at det ikkje er noko olje i byen. Enkelte regjeringsmedlem hoppar nok opp på bordet og leikar klappeleikar kvar gong desse reklamene poppar opp på ei nettside eller på TV-skjermen. Dei oljekåte ordførarane i nord skal også nemnast i denne samanheng. Spørsmålet her er jo kven det er som har bestilt denne kampanjen. Ein kan spørje seg dette spørsmålet om og om igjen, men sannsynlegvis blir det berre spekulasjon og konspirasjonsteoriar. Likevel er det heilt klart kven som tener på ei slik haldningskampanje. Kven det er kan du gjette sjølv.

søndag, april 02, 2006

Ein fantastisk film...

Eg har sett ein fantastisk film om nokre barn i ein landsby i Iran,ved grensa til Irak. Sjå han. Vær så snill. De vil ikkje angre.

lørdag, april 01, 2006

Memo

Eg såg raskt gjennom Memo i dag. Dette er første gong eg ser gjennom Memo, og såg ein klar høgrevridd profil. Dette er forsåvidt greitt. Det gjer meg ikkje noko at vi har høgrevridde magasin som ikkje gjer anna enn å referer til andre aviser. Eg må seie at eg reagerer på ein ting. Ein notis med tittelen "klassisk overreaksjon" henta frå Ananova. Det er forsåvidt greitt at dei refererer til Ananova, problemet mitt blir at dei ikkje rettar ein kritisk kommentar til desse kjeldene. Det er eit anerkjent faktum at Russland er eit land der store delar av pressa er kontrollert av Kreml (og der redaktørar og journalistar for den faktiske frie pressa blir drept i tide og utide), og at ein god del av informasjonen både frå russisk presse og Kreml er farga. Dei første rapportane frå Beslan i russisk media handla trass alt om "åtte araberar og ein neger". Dei nemnte heller ikkje situasjonen rundt forhandlingane, noko som heller ikkje har komt ut i norsk eller internasjonal presse. Eg har vanskeleg for å ta eit magasin med eit så ukritisk blikk på alvor. Spesielt med tanke på kunnskapen om situasjonen i russiske fengsel i dag.

torsdag, mars 30, 2006

Mannsroller og slikt...

Inspirert av dagens gode innspel frå VamPus, tenkte eg eg skulle vie litt tid til mannsrolla. Eller i grunn balansen, eller berre noko heilt anna. Eg vil i grunn snakke om menn og arroganse, mjuke menn og sterke kvinner. Og tøflane. Hm. Eg trur eg rett og slett skal avlive og vitalisere myter.

Myte 1: Kvinner er glad i mjuke menn
Ja - og nei. Det er grenser for mjukheit. Samstundes er det ein del kvinner som er glad i å vere i omsorgsrolla. Likevel er det ein skilnad mellom mjuke menn og tøflar (desse kjem lenger nede). Nokre av oss tenkjer i grunn ikkje så mykje over det, men finn nokre passelege eller upassande kandidatar utifrå alt anna enn gode, gjennomtenkte grunnar.

Myte 2: Kvinner vil ha tøflar
Nei! Nei! Nei! Uff! Uæææ! Vis motstand, mann! Kjeft, skrik og krangl - men ikkje gjer som eg seier berre fordi eg seier det! Eg vil ikkje ha ein fordømt unge, då ville eg poppa ein ut.
Likevel er det nokre som vil ha tøflar.

Myte 3: Kvinner vil ha menn som er menn
Vi vil ikkje ha menn som er kvinner. Det er likevel påvist enkelte tilfelle av kvinner som vil ha menn som er kvinner. Eg hugsar eg las om det i ei tabloidavis ein gong. Eg trur likevel eg klan anslå at dei fleste kvinner som vil ha menn, vil ha menn som er menn - ikkje kvinner som er menn.

Myte 4: Kvinner vil ha arrogante menn
Arrogante kvinner vil ha arrogante menn, bortsett frå dei som vil ha tøflar eller mjuke menn. Nokre gonger kan dette kombinerast. Nokre vil trass alt ha desse mennene også. Der er også lite dominerande og lite arrogante kvinner som vil ha arrogante menn. Desse mennene kan kome med eller utan modifikasjonar. Det kan kvinnene også.

Myte 5: Kvinner vil ha menn i uniform
Det kjem heilt an på uniformen. Punktum.

Bonusmyte: Frp er for folk flest
Feil. Anette Wiig Bryn, kulturbyråd for Frp i Oslo: "Det er naturlig at folk engasjerer seg. Men vi kan ikke ta hensyn til folket."

Ha ein flott dag! :)

onsdag, mars 29, 2006

Oppklaring


Itsjkeria er det tsjetsjenarane sjølv kallar Tsjetsjenia. Dette truleg av di det er eit russisk namn som aldri var i bruk før. Eg tenkjer det at i ein slik situasjon er det Itsjkeria som er det namnet ein skal bruke for å vise mest solidaritet og respekt. Noko anna blir litt (sjølv om ikkje heilt) som å kalle Palestina for Israel...

Kart er lagt ut etter ønskje!

Fritt Itsjkeria!

Russland er stort. Veldig stort. Det største landet i verda, så vidt eg veit. Det har også mange folkeslag. Eit av desse bur i Itsjkeria og heiter Nokhtsjee. Det er desse vi i vesten kjenner som tsjetsjenarar.

Nokhtsjee-folket har i hundrevis av år kjempa for sin fridom. Det er det dei vil ha, sin fridom. Dei har erklært seg sjølv for ein eigen stat, dei har sin eigen president og sitt eige språk. Likevel er ikkje Itsjkeria fritt. FN har enno ikkje anerkjent det som ein eigen stat. Dette er unekteleg svært beklageleg.

Det som likevel er verre, er mengda merksemd som blir retta mot brota på menneskerettane i Tsjetsjenia. Det som er verre, er at vi i den vestlege verda ikkje seier nok når Russland, som dei har gjort i hundrevis av år, prøver å få kontroll over eit område som høyrer til folket av Itsjkeria.

På venstresida i politikken snakkar vi mykje om Israel/Palestina. Dette er vel og bra. På alle måtar. Tsjetsjenia er mest sannsynleg verre. Kvifor seier eg dette? Fordi vi får ikkje vite noko, og det vi har fått vite frå området er langt verre enn frå Palestina. Og fordi vi i den vestlege verda ikkje har ballar eller makt nok til å seie til Putin at nok er nok. Det er skammeleg.

Det er rett nok ein grunn til at folk er redde for Russland. Det er ei mengde korrupsjon der som vi mest sannsynleg ikkje har evne til å fatte her i trygge Noreg. Ein venn fortalte meg ein gong om ein samtale med ei russisk kvinne. Han spør henne om dei ikkje vil ha fleire politi i gatene. Ho ristar på hovudet. Det er jo politiet som er forbrytarane. Redaktørar utan tilstrekkeleg lojalitet til Kreml blir overfalt og drept utanfor eige hus, journalistar blir forgifta og døyr ettersom dei blir meir kritiske. Det er grunnar til å frykte Kreml. Det er dei same grunnane ein ikkje må gløyme å fokusere på.

Nokre trur at krigen mot terror er noko oppfunne av Bush-administrasjonen. Det er feil. Krigen mot terror er direkte plagiat. Invasjonen av Irak er gjort etter ein mal frå Kreml: fabrikkerte bevis, fabrikkerte motiv, ønskje om olje, ønskje om kontroll over ustabilt område, stempling av innbyggjarane som terroristar og spel på framandfrykt (dette er eit særskilt godt verkemiddel om det skumle og ulydige folket er muslimar)...

Til slutt vil eg rose gratulere Unge Høgre med skifte av standpunkt. Dei har i år ei vårkampanje om menneskerettar og skriv : "...gjennom de valg innbyggerne foretar daglig på markedet kan de vise preferanser i form av å boikotte selskaper som samarbeider med regimer som ikke overholder menneskerettighetene." Eg tar dette som ei oppfordring, og antar no at Torbjørn Røe Isaksen og Unge Høgre augeblikkeleg sluttar seg til Boikott Israel-kampanjen.

Gløym ikkje dei gløymte konfliktene! Fritt Itsjkeria!