lørdag, desember 10, 2005

Av og til må ein sette sluttstrek. Eller punktum.

Ting tar slutt, alt tar slutt. Enkelte ting er ikkje verdt å bruke tida si på, andre er definitivt verdt det. Problemet oppstår når ein ting som i grunn er verdt all tida du kan bruke på det, ender opp som noko som ikkje er verdt energien din i det heile tatt. Det gjer ein situasjon så ekstremt poenglaus og ikkje minst er det tåpeleg at slike situasjonar oppstår. Ein vil kanskje at ting skal kome tilbake, at folk skal kome tilbake. At verda skal vere slik som ein vil den skal vere, ikkje som den er, men det er heller tvilsamt. Verda er som den er, folk kjem ikkje tilbake, livet er brutalt.

Eg er blitt vaksen og desillusjonert.