torsdag, desember 08, 2005

Tom Pape og ambassadesaken

Utbrot ved røysting er ikkje uvanleg, men i ein sak som ambassadesaken, burde ein vere forsiktig med å bryte ut. Argumentasjonen til Tom Pape for å gå mot eige parti er etter mi meining ikkje god nok. Eit parti skal vere eit organ for demokratiske prosessar. Sit ein i eit bystyre for eit parti med ein klar politikk på ein sak, er dette noko ein skal følgje. Ikkje minst når det er ei stemme som vippar.

Jonas Gahr Støre si innblanding i dette er også kritikkverdig. Ein minister har ikkje noko med å prøve å påverke lokaldemokratiet i si retning.

Demokratiet har framleis mange sprekkar, mellom anna når representantane ikkje skjønar at dei som representantar skal representere noko anna enn seg sjølv.