fredag, januar 13, 2006

Å ta eit standpunkt, å behalde det.

Det er noko eige med det å ta eit standpunkt. Det er litt med gleda av å leve, det å kunne seie noko, det å meine noko, det å stå for det i etterkant.

Det er ikkje alltid slik at alle er samde med deg i det du seier; folk kan vere ueinege, sinte, provoserte og kalle deg for det eine eller det andre. Det er då ein må halde fast på det ein meiner. I slike situasjonar viser ein kva slags karakter ein i grunn har. Ein kan vere prinsippfast, ein kan vere kompromisslaus, ein kan sjå andre folk sine gode argument, ein kan endre meining - alle desse kan ein vere og gjere av heilt forskjellige grunnar, på heilt forskjellige grunnlag.

Nokre av desse grunnlaga er betre enn andre. Det å endre meining på grunn av at ein har fått eit anna perspektiv, står det respekt av. Det å endre meining av di du trur det vil gagne deg sjølv meir, av ymse grunnar, står det mindre respekt av. I enkelte tilfelle kan ein til og med kalle det å slikke andre menneske opp etter ryggen. Det å endre meining for posisjon står det ikkje respekt av - det er skammeleg og undergraver den reelle ytringdfridommen. Det er ikkje slik det bør vere. Enkelte menneske burde lære av dette. Enkelte menneske burde ha skjønt dette frå før.

Erfaring gjer at ein betre kan vurdere situasjonar, seier nokre. Dette kan vere tilfellet. Men erfaring gir ikkje klokskap. Og klokskap burde leiaren av AUF anskaffe seg litt kjapt.