Kaos. Mangel på kontroll, men eit sterkt nei til EU!

Eg vil ta til motmæle mot kampanjen om å trykkje Muhammed-teikningane. Eg vil ta sterkt til motmæle. Dette vil eg gjere, ikkje av di eg ikkje meiner folk skal ha rett til det, men av di eg meiner det er feil. Uansett kor mykje eg meiner at nazistar skal kunne seie det dei vil, vil eg aldri gjentrykke nazistisk propaganda i mitt namn. Det er dette folk som trykkjer desse teikningane i bloggen sin gjer. Dei trykkjer noko som er respektlaust.
Eg meinerat desse teikningane representerer noko heilt anna. Dei representerer ikkje respekt for ytringsfridomen, dei representerer spreiing av framandfrykt. Ved å teikne Profeten med ei bombe som turban, spreier ein framandfrykt. Dette burde blitt reagert på før. Når FrP trykkjer ein løpesetel der det står "Gjerningsmannen var av utenlandsk opprinnelse", reagerer folk og kallar dette rasisme. Medan når ein trykkjer ei teikning av Muhammed som ein terrorist, der Muhammed heilt klart representerer både Islam og verdas muslimar i teiknaren sine auge, meiner ein dette har med ytringsfridom å gjere. Eg kan svare enkelt å greitt på dette: berre av di andre seier noko av di dei kan, tyder ikkje dette at vi må ytre det same. Stans reprintinga av desse teikningane no.
Til slutt vil eg peike på det positive, og seie at det er eit utruleg stort fleirtal mot EU. Jamfør illustrasjonen.

1 Comments:
Veldig bra begrunnelse for hvorfor man ikke vil trykke dem. Av og til kan ting sies så kort og konsist, også lager vi bare ull rundt det.
Legg inn en kommentar
<< Home