torsdag, februar 02, 2006

Respekt eller ytringsfridom?

Gode Torbjørn Røe Isaksen har i dag skrive om Muhammedteikningane i bloggen sin. Det er ganske interessant å sjå Unge Høgre-leiaren velsigne og oppmode til trykking av karikaturteikningane. For meg, og mange andre, står dette framme som ei fullstendig mangel på respekt.

(Om Røe Isaksen ikkje heilt kjenner til dette ordet, kan han gå innn her og lese om det. Elles vil eg heller anbefale den store, raude nynorskordboka, men eg kan tenkje meg at unge Røe ikkje eig den og gjerne vil putte den i ei brennande tønne saman med resten av sidemålsundervisninga. Derfor kan han heller gå inn på ein nøytral, men halvparten så god, link.)

Det er fleire gonger unge Isaksen har ignorert respekt som prinsipp. Eg meiner "nynorsk suger"-kampanjen er eit godt døme på dette. Likevel har eg tenkt til å gi han ein liten sjanse - om han snur i denne saken, og viser respekt for andre si tru, skal eg ikle meg eit EU-flag og danse samba utanfor kontoret hans. Eg gir han eitt døgn. Maksimum. Fram til då stiller eg meg 100% bak Marit Eikemo.