Ikkje i mitt namn!
Eg kan skrive om debatten som omhandlar homofili no som om det handlar om noko anna enn menneskerettar. Men det gjer det ikkje. Det handlar om at alle skal få lov til å elske den dei vil, og eg må seie at eg blir vanvittig provosert av at ein representant for statskyrkja meiner noko anna. Og at han meiner det kan helbredast.
Ein kan meine kva ein vil om å skilje stat og kyrkje, men det er no faktisk slik at vi har ei statskyrkje. Det er også slik at kyrkja er ein arbeidsplass. Ein arbeidplass under staten. La meg gjere det heilt klart at eit slikt utsagn ville blitt slått hardt ned på hjå alle andre i leiande posisjonar innan den norske staten. Alle andre plassar enn i kyrkja.
Eg har ikkje for vane å sjå på tabloid, men eg skal innrømme at eg tok ein titt i dag. Det var ein frå misjonssamfunnet der (om eg ikkje tar heilt feil). Han meinte at skulle det ikkje vere slik at eit kyrkjesamfunn skulle få lov til å leve etter Bibelen først og fremst? Det er ingen som hindrer nokon i å leve etter Bibelen, så lenge ein samstundes respekterer andre menneske og ikkje diskriminerer andre. Bortsett frå at det siste der er feil. Ifølgje den norske loven er det ikkje lov å diskriminere etter farge på grunn av tru. Det er derimot heilt lov å diskriminere folk på grunn av legning i eitkvart trusamfunn. Inkludert statsskyrkja. Det er rett og slett lov å diskvalifisere nokon frå ein jobb i staten på grunn av kven dei elskar. Fy faen! Det er det eg kallar nestekjærleik.
Vi er veldig flinke til å påpeike at muslimske trusamfunn skal tilpasse seg det norske samfunnet. Vi er enda flinkare til å kaste stein i glashus. La statskyrkja tilpasse seg til det norske samfunnet. Eg er ikkje kristen, men heller ikkje medlem av noko trusamfunn elles. Mine skattepengar går til aktiv diskriminering av homofile. Bruk dei på sosial bustadbyggjing i staden! Dette her skal faen ikkje skje i mitt namn.

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home