lørdag, mars 25, 2006

Pornoblogg

I dag har dei fleste ein eller fleire bloggar. Eg har ein eller fleire bloggar, og eg antar eg ikkje er den einaste. Det byrjar å gå ganske langt, kanskje litt for langt. Blogging er ikkje berre sosialpornografi - det er ein ny form for sosialpornografi. Det er den sosialpornografien du lagar heime med videokameraet, berre at ein byttar ut kamera med penn og papir. Ein byttar ut rollespel med den identiteten ein vil ha - leiketøy med ord. Det er i grunn ganske perverst.

Spørsmålet her er kva som faktisk er det perverse i det. Er det sjølve handlinga, eller er det grunnen til at vi gjer det? Vi har alt frå politikarar til bestemødre (ikkje for å antyde at dette ikkje kan kombinerast) som skriv eigne bloggar. Folk skriv bloggar i skjul, under dekknamn. VamPus har fått ikonstatus etter mengder med velskrivne blåbloggar og vi har omgrep som dekkjer dei forskjellige sjangrane. Blåblogg, raudblogg (som er skuffande dårlege -med unntak av meningspolitiet), livsstilsblogg, diktblogg, miljøblogg, målblogg, sintblogg, dagbokblogg for ikkje å snakke om alle dei crapbloggane som ligg ute på nettet.

Eg har ganske vanskeleg for å tru at alle desse som skriv har så fordømt vanskeleg for å dele alt dette med andre. Problemet her (bortsett frå dei meiningskåte politikarjyplingane) at folk ikkje vil kommunisere det dei vil seie. Dei vil berre halde kjeft, vere sinte og sure og la dette kome til uttrykk på nettet gjennom å filme sin eigen desperasjon og frustrasjon i tekstformat medan dei ligg og grin på badegolvet sitt etter dei har vore på fylla og gjort noko altfor dumt. Eller kanskje etterpå.

Vakn opp. Gløym ikkje talekunsten. Eller folket.

6 Comments:

Blogger Elvis Bling Laden said...

Hehee. Vel, vel. For det første, så trur jeg kanskje du overvurderer utbredelsen av blogger noe. Det er mange OPPRETTA blogger, men det er vel ikke så mange AKTIVE blogger som er noe å samle på. Av politikerbloggene teller jeg bare med Lille Blå. Og det er fordi Meningspolitiet og Vampus driver å refererer til dem hele tida...
Og så trur jeg du undervurderer venstrebloggene. Jeg er også fan av meningspolitiet, og jeg er fan av Tiriam, alltid ultra og av Communist Kickback. (og sånne som er _litt_ venstre, type Reality Challenged) Hvis du begynner å telle feministbloggene blir det jo ganske mange ganske bra, synes jeg.
Ellers så synes jeg sjølvutlevering er ganske moro. Det er jo det vi liker i musikk, er det ikke? eller i romaner? (bare at det i romaner ofte er forkledd med et annet navn. Men vent! Det er det jo i blogger også!)
Uansett: hold deg her! Jeg spår store spennende ting ut av Blogosfæren med tid og stunder. Sikkert tabloid og halvpornografisk og jævlig, men sånn ER jo folk. Det er en del av hvem nordmenn (evt. menneskehet) ER. Vi liker andres fyllesjuke, pulehistorier og rasende utskjellinger av postmannen (eller hvem som helst) Det er BRA! Tjo!

1:40 PM  
Anonymous meningspolitiet said...

Hojsann. Utnenvt som eneste gode rødblogg, gitt. Det får en si seg fornøyd med. Takk skal du ha! Og fin blogg har du jaggu sjøl også. Banna bein.

4:07 PM  
Blogger Avstand said...

Vel fortent, gode meningspoliti!

8:19 PM  
Anonymous Anonym said...

Great work!
[url=http://wkrfnzqh.com/fjjm/sufc.html]My homepage[/url] | [url=http://ipzutpdw.com/ucrw/gplo.html]Cool site[/url]

4:32 PM  
Anonymous Anonym said...

Well done!
My homepage | Please visit

4:32 PM  
Anonymous Anonym said...

Thank you!
http://wkrfnzqh.com/fjjm/sufc.html | http://gumwgqje.com/nmyl/fmhr.html

4:32 PM  

Legg inn en kommentar

<< Home