fredag, mars 17, 2006

Superkvinne og supermann forein dykk!

Dagens samfunn er fylt med superkvinner og supermenn. Kvinner og menn som gjer alt på ein gong, og som tilsynelatande klarer alt. Desse superkvinnene og supermennene tar på seg det dei kan klare (som er så mykje at vi andre ikkje ein gong merkar at det tar slutt) og gjer det på ein fortreffeleg måte. Dei snakkar høveleg saman, og lever høvelege liv. Dei får nok ikkje barn før dei er 35, men då får dei nok seg superbarn. Eg trur samtalen mellom superkvinna og supermannen går noko som dette:

Superkvinne: Hei, hei, supermann!
Supermann: God dag, god dag! Korleis går det med deg?
Superkvinne: Jo, det går så fint! Er det ikkje fint vêr i dag?
Supermann: Ja, det er jo det! Og så er det så fint å kunne nyte det i avslappa omstende mellom eit møte og eit anna!
Superkvinne: ja, er det ikkje det? Oss aktive unge menneske må halde saman, veit du!
Supermann: Ja, sjølv om samfunnet er lagt til rette for oss, så er det jo slik at mange ugleser oss likevel.
Superkvinne: Jaja, det er vi som kjem til å ende opp med dei beste pensjonane uansett!
Supermann: Ja, det er det jo. Eg meiner også at det er heilt greitt, kva har vel dei andre ytt til samfunnet?

Good night, and good luck!